Personlige verktøy
Du er her: Forside Kisimi sier Hvorfor?

Hvorfor?

For å vera ærleg veit ikkje eg, Kisimi Kayleemasa, kvar eg får krefter frå til å halda fram arbeidet med å hjelpa fattige born i Sierra Leone. Det er ikkje lett å vera snill, men eg har bestemt meg for å vera snille.

Kisimi Kayleemasa - Eier og leder av Barnas KulturbroFor å prøva å finna svaret på kvifor eg opplever slik glede i arbeidet med Barnas Kulturbro, bestemte eg meg for å studera røtene mine. Far min arbeidde heile livet med å hjelpa folk som levde under svært dårlege tilhøve, til å få den høgast mogelege utdanning det er mogeleg å få når ei lever under dårlege tilhøve. Han arbeidde største delen av livet sitt for utdanningsministeriet i Sierra Leone, og han tente ministeriet heilhjerta. Eg budde mest ikkje heime med berre mine biologiske foreldre og sysken. Heimen vår var alltid full av barn av foreldre som ikkje hadde råd til å senda dei på skulen. Far min tok seg av desse borna utan å gjera forskjell på dei og hans eigne. Me levde alle under same tilhøva. Me åt same mat, gjekk på same skule og vart tekne hand om når me var sjuke. Far min sørgde for at me alle fekk dekka dei basale behov, i tillegg fekk me ei utdanning. Utruleg nok, far min var ikkje rik på dei tider, men han makta å hjelpa mange barn i naud. Eg spør ofte meg sjølv kvar eg får motet og motivasjonen frå når eg besøkjer skular, arbeider med utstillingar og presentasjonar, arbeider på bokprosjekt og prioriterer å hjelpa barn i vårt øydelagde Sierra Leone. Når eg så ser på familiebakgrunnen min, er mitt einaste svar at eg fyl i far min sine fotspor og sørgjer for at arbeidet hans held fram.

 

Eg takkar deg på førehand og eg ser fram til å få din støtte til å gjera prosjekta våre til ein suksess. Då kan me hjelpa dei naudlidande borna i Sierra Leone og samstundes oppnå eit multikulturelt samfunn og integrasjon i Noreg.

Files
Side-alternativer